Skogpartia frå Mårlia i retning Ossjøen er stort sett naturskog. Her lever det mange trua artar. No vil regjeringa få betre oversikt over desse områda. Foto: NTB / NPK
Skogpartia frå Mårlia i retning Ossjøen er stort sett naturskog. Her lever det mange trua artar. No vil regjeringa få betre oversikt over desse områda.

Nye kart skal gi betre oversikt over naturskog

Dei aller fleste av dei 1330 trua artane i skogane lever i gammal skog. No skal det lagast nye kart for å få betre oversikt over den norske naturskogen.

Publisert Sist oppdatert

– For å ta vare på dei meir enn tusen trua artane som lever i den eldste skogen og snu bit-for-bit-nedbygginga, må vi vite kvar denne skogen finst, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

I januar kom Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet med ei oversikt over skog som ikkje er flatehogd etter 1940. No skal dei vidareutvikle dette kartet til å betre vise kvar vi har skog med strukturar som liknar på naturtilstanden.

Naturskog er skog som har fått utvikle seg i lang tid utan større inngrep frå menneske. Dagens kart kan brukast i skogvernarbeidet, men både kvaliteten og presisjonen kan likevel bli betre, skriv departementet i ei pressemelding.

(NPK)

Powered by Labrador CMS