Dette er ein skjermdump av dialogen mellom ein svindlar og ein Sparebanken Norge-kunde. Svindlaren sende ein QR-kode som førte kunden til ei falsk nettside som stal kortinformasjonen til kunden.
Foto: Sparebanken Norge
Ny svindelmetode med falske QR-kodar
Du har kanskje høyrt om phishing, men har du høyrt om quishing? Quishing er phishing med QR-kodar. Du kan finne falske QR-kodar på alt frå ladestasjonar og plakatar, til falske skattemeldingar og i menyar på utestader.

– Mange har vorte vande til å sjå nøye på lenker dei får på e-post og i sms-ar for å avsløre om det kan vere lureri. No må vi lære oss å gjere akkurat det same med QR-kodar – nettsida du kjem til når du skannar ein QR-kode kan vere svindel, seier Hans Jacob Fevang, antikvitvaskrådgivar i Sparebanken Norge, i ei pressemelding.
Sparebanken Noreg har fått dei aller første reklamasjonane frå kundar som har vorte svindla med falske QR-kodar.