Frøkedal og familien. Anne Lise Frøkedal - vokal og gitar, Erlend Ringseth - keys og kor, Olav Christer Rossebø – fele og kor, Selma French Bolstad – fele og kor, Ingeleiv Berstad - fele og kor, og Tomas Pettersen - trommer.Foto: Vidar Landa
Frøkedal og familien. Anne Lise Frøkedal - vokal og gitar, Erlend Ringseth - keys og kor, Olav Christer Rossebø – fele og kor, Selma French Bolstad – fele og kor, Ingeleiv Berstad - fele og kor, og Tomas Pettersen - trommer.

Kultur

Ny singel frå Frøkedal

Old Mistakes er namnet på den første singelen frå Frøkedal sitt komande fjerdealbum, som har fått namnet Stay. Her har Frøkedal grave i heimlege musikalske skattekister.

Publisert Sist oppdatert

Singelen Old Mistakes kjem ut fredag 12. april, mens resten av albumet Stay kjem ut 7. juni. Anne Lise Frøkedal fortel at ho og dei andre i bandet gjerne vil tru at dei lærer av deira eiga historie, men at dei for det meste går på dei same smellane som før, berre i ny innpakning.

— På same tid uttrykker me ei bøn om at erfaringane våre skal gjera at me klarar å vera litt betre neste gong. Det kjennest godt, så me får prøva, seier Frøkedal i ei pressemelding.

Stay

På albumet som kjem ut på Fysisk Format, har Frøkedal grove i heimlege musikalske skattekister og let reinspikka popsongar smelta saumlaust saman med astymmetrisk pols-rytmikk, vals og allsong-rock. Gjennom ni låtar og ein musikals rundtur i nærmiljøet prøver Frøkedal og familien å skildra det dei har til felles; vedvarande band som held dei saman, i ei fragmentert røynd. Old Mistakes blir framført av Anne Lise Frøkedal på vokal og gitar, Erlend Ringseth på piano og kor, Olav Christer Rossebø på fele og kor, Ingeleiv Berstad på fele og kor, og Tomas Pettersen på trommer. Låten er skriven og arrangert av Anne Lise Frøkedal.

Av dei ni spora på Stay var det Old Mistakes som gjekk raskast å spela inn. Strengt tatt tok det i følgje Frøkedal berre fire knappe minutt, sidan låten sat på første forsøk med fullt band live i studio.

Cover av Andrea SerioDesign av Erlend Ringseth
Powered by Labrador CMS