Gjengen frå Sauda Aid er klare for ein ny runde innsamling. Alina Haila, Ingar Saua (nestleiar), Joakim Valskår, Morten Brekke (leiar), Geir Molla og Kurt Breivik. Alina er frå Bucharest og har i mange år arbeidd for Romania Aid i Romania, men bur nå i Sauda.
Foto: Privat
Ny runde med innsamling til Romania
Laurdag 10. september vil dugnadsgjengen vera å finna utanfor Etne Senter, Ølen Senter, Aksdal Senter, Kiwi Isvik, Shell på Knapphus, Sandeid Handelslag, det tidlegare kommunehuset i Vikedal og ved riksvegen i Ølmedal, for å samla inn klede og utstyr.
— Me er spesielt på jakt etter produkt som klede til barn, unge og vaksne, sportsklede, joggesko, vintersko, soveposar, ullteppe, skulesekkar, kjøkenutstyr, barnevogner, med meir. Eg vil med dette oppfordra alle til å sjekka skuffer og skap, for å sjå om det ligg noko der, som kan sendast til Romania. Kleda må vera reine og pakkast i tjukke søppelsekker eller i kraftige pappesker, seier Morten Brekke, leiar for Romania Aid.
Organisasjonen driv to dagsenter for å hjelpa dei fattigaste i Romania. Han fortel at krigen i Ukraina har ført til at Romania til nå har mottatt over éin million flyktningar.