Næringsliv
Ny kraftline tar delar av industritomt
Vindafjord kommune må gjere endringar på det kommunale næringsfeltet på Nerheim. Dette som følgje av bygginga av den kraftlinja som Statnett skal bygge mellom Blåfalli og Gismarvik.
Biovind-kollisjon
Biovind, som jobbar med planar om etablering av ein biogassfabrikk på staden, vil ikkje lenger kunne nytte den sørlegaste delen av sine tomter grunna den nye kraftlinja.
Målet til kommunen er å gi Biovind as, som eig to tomter i næringsområdet, det same handlingsrommet som var tenkt i den originale reguleringsplanen. Som løysing har det vore gjennomført ei arealoverføring. Biovind får tilsvarande areal i den nordlege delen av næringsområdet, der kraftlinja legg restriksjonar på den sørlige delen.
I tillegg blir grøntstrukturen utvida for å inkludere byggeforbodsbeltet frå kraftlinja og nordover.
Praktiske endringar
For å optimalisere bruken av området, er det også planlagt nokre praktiske justeringar:
- En eksisterande rundkøyring blir endra til en snuhammar, som er mindre arealkrevande.
- Det blir opna for at byggehøgda kan være inntil 26 meter (tidlegare 24 meter) for reaktortankar innanfor område N2.
- Samspel med Kommuneplanen
Endringane er ifølgje kommunen i samsvar med den gjeldande kommuneplanen. Saka blir no sendt til høyring blant berørte myndigheiter, grunneigarar og naboar.