Ny grillhytte på Haukreidtjørna
Rundt femti personar tok turen til Haukreidtjørna i Sandeid då den nye grillhytta vart offisielt opna laurdag. Fokus Sandeid stod bak arrangementet, der dugnadsfolk, grunneigarar, kommunen og Sandeidbuen feira gåva med grillfest. – Dette er eit bevis på at me kan skape noko saman, sa leiar i Fokus Sandeid, Ingvar Gjærde.
– Det er ei stor glede å ynskje dåke alle velkomne til opninga av ein heilt spesiell plass. På den vakre Haukareidtjørna har me fått ei grillhytte som er eit naturleg samlingspunkt for alle som treng ly, ein pause eller berre ein stad å nyte matpakken, sa Gjærde til dei frammøtte.
Hytta vart løfta på plass med helikopter i slutten av august, og er gitt som gåve til bygda av AdmMit Aktiv AS ved Rune Furseth, som òg sponsa transporten.
– Det er eit løft for folkehelsa, og ein del av vårt rike turterreng som me ser rundt oss. Me er liksom på høgfjellet her, la Gjærde til, før han retta ein stor takk til Furseth, grunneigarane og ikkje minst dugnadsgjengen.