30-40 personar møtte til markering på Strype 2. pinsedag i fjor, for å markera motstand mot kraftlinjer i fjellet. Foto: Privat
30-40 personar møtte til markering på Strype 2. pinsedag i fjor, for å markera motstand mot kraftlinjer i fjellet.

NVE vil møta aksjonistar under synfaring i Etnefjellet

Om eit par veker planlegg NVE synfaring av traseen der den nye og omstridde 420 kV-leidninga frå Blåfalli til Gismarvik skal gå. I Etnefjella vil NVE møta aktørar som kjempar for jord- og sjøkabel, og som har fleire spørsmål dei krev svar på.

Publisert Sist oppdatert

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) inviterer tysdag, onsdag og torsdag i veke 25 alle interesserte til ei synfaring av utvalde punkt langs leidningstraseen Blåfalli koplingsstasjon i Kvinnherad og Gismarvik transformatorstasjon i Tysvær. Føremålet med denne synfaringa er at NVE si leiing skal få ei oversikt over kraftleidninga si plassering i terrenget, og at representantar for lokale og regionale interesser skal få høve til å komma med utfyllande merknader til planane.

Det er direktør for energi- og konsesjonsavdelinga, Inga Nordberg, som skal leia synfaringa, og ho vil orientera undervegs. Synfaringa blir på enkelte stader planlagt i terrenget, så arrangøren oppmodar dei som vil vera med til å ha godt skotøy på seg, og niste i sekken. Dei oppmodar også folk til å samkøyra, grunna avgrensa parkering ved dei forskjellige punkta.

Vil stilla spørsmål

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS