Ekstremvêret Jakob
NVE: — Må vere førebudd på omfattande flaum
NVE ber Vestlandet førebu seg på omfattande flaumar og flaumskadar som følgje av ekstremvêret. Det er også venta skred. – Svært krevjande situasjon.
– Det er ein krevjande situasjon fordi det er svært vanskeleg å førespegle kvar og når det kan gå skred innanfor varslingsområdet. Det kan også komme hendingar utanfor kartlagde område, seier jordskredvakt Ronny Løland i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Små vassdrag, bekkar og skråningar er spesielt utsette – i tillegg til dei store elvane.
– Hald deg unna bratte skråningar, og dessutan bekkar og elveløp med stor vassføring. Vurder også sterkt om det er nødvendig å reise, eller om du kan halde deg heime, seier Løland.
Flaumfaren held fram på raudt nivå både torsdag og fredag for store delar av Vestland.
– Vi må vere førebudde på omfattande flaumar, erosjonsskadar og flaumskadar på busetnad og infrastruktur, seier flaumvakt Kristina Tvedalen i NVE.
Både faren for flaum og jord- og flaumskred minkar fredag ettermiddag og er nedjustert til grønt nivå frå laurdag.
Truleg blir flaumtoppen nådd natt til fredag, seier hydrolog Ina Storteig i NVE til NRK.
(NPK)