– Beveger du deg på islagde vatn, er det viktig å vere saman med fleire og sikre deg godt, seier Aron Widforss i NVE.
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
NVE: Gode isforhold på fjellvatna i vinterferien
Trass islagde vatn i fjellet ber Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) likevel folk på tur om å vere merksame på svekt is og overvatn i låglandet.
– Vinterferien startar i fleire fylke, og mange dreg til fjells. I høgda ventar farbare vatn med godt føre over heile landet, seier isvarslar i NVE Aron Widforss i ei pressemelding.
Ein ventar òg gode isforhold i låglandet på Austlandet. Ein kald periode har styrkt isdekket, og sjølv om det enkelte dagar kan vere mildvêr, ventar ein at isforholda kjem til å vere stabile utover veka.