I Noreg har det blitt ein tradisjon for fleire nordmenn å dra på påskefjellet.
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Norske påsketradisjonar før og no
Heilagdagane i Noreg har ein lang kristen tradisjon, men det kjem ikkje så tydeleg fram i måten mange nordmenn i dag brukar desse raude dagane på kalenderen. Kan vi risikere at dei blir til valfrie feriedagar?
Påskefjellet på ski med sjokolade og appelsin i sekken, lammesteik til middag, påskekrim i bok og på tv eller tur til varmare strøk. Dette er blant dei mest vanlege måtane mange nordmenn har feira påske i seinare år. Nokre tek òg ein rånetur over grensa til Strömstad i Sverige på skjærtorsdag, der dei ikkje har heilagdagsfri denne dagen.
Nordmenn har ein variert måte å bruke påskeferien på, men konservator og historikar Geir Thomas Risåsen ved Norsk Folkemuseum meiner det berre er eit mindretal av den norske befolkninga som tek del i den kristne påskebodskapen.
– Berre for nokre få generasjonar sidan var nordmenn sitt medvit om påsketradisjonar mykje sterkare, seier Risåsen.