Norsk natur er monaleg redusert
Det er eit nasjonalt mål at det skal vere god tilstand på økosystema. For fleire av økosystema held tapet av biologisk mangfald fram, viser fersk naturindeks.
Det er eit nasjonalt mål at det skal vere god tilstand på økosystema. For fleire av økosystema held tapet av biologisk mangfald fram, viser fersk naturindeks.
– Vi har alltid levd av og med naturen i Noreg. Og vi er heilt avhengige av naturen for å leve gode liv – med frisk luft, reint vatn og naturopplevingar. Nedbygging og øydelegging av natur svekkjer økosystema, truar artar og er ei kjelde til klimagassutslepp. Naturindeksen viser at det er utfordringar, og gir oss viktig informasjon som kan bidra til at arbeidet med å ta vare på natur blir meir treffsikkert, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ei pressemelding.
Naturindeks for Noreg vart utvikla for å følgje opp forpliktingane våre til å ta vare på naturen, både nasjonalt og internasjonalt. Den målar korleis det biologiske mangfaldet endrar seg over tid i økosystema skog, ope lågland, kyst, hav, ferskvatn, fjell og våtmark.
Ved å gjere ei totalvurdering av ei rekke indikatorar gir indeksen kvart økosystem ein verdi mellom 0 og 1, der 1 representerer eit intakt økosystem og 0 representer øydelagd natur.
Skog og ope lågland får lågast indeksverdi, til liks med tidlegare år.
(NPK)