Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Dame på tur i skogen ved Langstein i Trøndelag. Foto: Gorm Kallestad / NTB
Dame på tur i skogen ved Langstein i Trøndelag.

Norsk friluftsliv oppmodar til turfellesskap på verdsdagen for psykisk helse

— Både det å halde kontakten med menneska rundt seg, vere i aktivitet og ikkje minst ha gode naturopplevingar er gull for den psykiske helsa vår, seier Siri Meland, fungerande generalsekretær i Norsk Friluftsliv, i ei pressemelding.

I samband med verdsdagen for psykisk helse har fellesorganisasjonen for 18 friluftslivsorganisasjonar ein klar bodskap. Dei vil at vi skal bli flinkare til å invitere kvarandre med på tur.

I ei Ipsos-undersøking frå i vår sa 90 prosent av dei spurde at dei er heilt eller delvis samde i at dei føler seg mindre stressa og lettare til sinns når dei er ute i naturen.

Det blir òg underbygd av forsking.

– Det er bevist at sjølv korte turar i naturen har ein roande effekt på hjernen. I grøne omgivnader bekymrar vi oss mindre og opplever meir glede, forklarer Meland.

Helsedirektoratet har utarbeidd fem råd for ei sterkare psykisk helse. Eitt av desse handlar om å knyte band til andre menneske.

Meland meiner det er fleire sosiale fordelar ved å gå på tur saman.

– På tur kan praten ofte gå lettare enn når ein sit stille, og ein får òg ei felles oppleving. I naturen kan òg stilla kjennast meir behageleg, seier Siri Meland.

Ho understrekar at det er dei nære turane som er viktigast i kvardagen.

– Ein god hugseregel er at turen skal kjennast overkommeleg. Det viktige er at ein kjem seg ut, ikkje kor langt ein har gått, seier ho.

Powered by Labrador CMS