Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Erika Fatland har dene vekaa vore på besøk heime i Ølen. Her fekk ho nyhendet om nominasjonen til Brageprisen.Foto: Grethe Hopland Ravn
Erika Fatland har dene vekaa vore på besøk heime i Ølen. Her fekk ho nyhendet om nominasjonen til Brageprisen.

Nominert til Bragepris

Publisert Sist oppdatert
No er dei nominerte til årets Brageprise klare, og blant titlane er éi svært omstridd utgiving – og ei bok som Kulturrådet ikkje vil kjøpe inn.

Blant dei nominerte til prisen for skjønnlitteratur finn ein Per Marius Weidner-Olsen roman Jeg hadde en oppvekst nesten som min egen». Den har vorte omstridd og omdiskutert fordi forfattaren ikkje opplyste til forlaget at han var domfelt, og det har mellom anna ført til at boka ifølgje Klassekampen ikkje blir lansert utanlands.

— Boka mi handlar ikkje om dei forholda som dommen mot meg omfattar, skreiv Weidner-Olsen i ein kronikk på NRK Ytring førre veke, der det vidare heitte mitt forfatterliv er lagt i grus eller på is, og vel så smertelig, en fin roman er støtt ut i intetheten her hjemme».

No er den nominert til Bragepris og juryen meiner han er et interessant bidrag i en aktuell samfunnsdebatt om forholdet mellom offer og overgriper», og rosar romanen for mørk tenksomhet» så vel som at han er opprivende, og den er opplysende, med
en dyster, ubehagelig glød».

Erika Fatland er kritikerrost for boka si om Himalaya, men vart ifølgje VG vraka av Kulturrådets innkjøpsordning. No er boka Høyt» nominert i sakprosaklassen.

Brageprisen vart første gong delt ut i 1992, og reknast som ein av Noregs viktigaste litterære prisar. Den har som formål å heidre gode norske forfattarskap, og dessutan skape
interesse for norsk litteratur.

Prisutdelinga finn stad 26. november.

Dei nominerte

* I open klasse, som er nyttebøker for vaksne og barn/ungdom er desse nominert:

Lene Drange og Tore Løchstøer Hauge med Snaponomi – bli supergod på egen økonomi», Thomas Horne for Den store klimaguiden», Olav Schewe og Barbara Oakley for Superhjernen. De beste strategiene for læring» og Johannes Slettedal og Martin Aas for Nettvett med Johannes. Bli smart på internett!»

* I klassen for barne- og ungdomsbøker er desse nominerte:

Helene Guåker for Høgspenning livsfare, Jenny Jordahl for Hva skjedde egentlig med deg?», Gulraiz Sharif for Hør her’a!» og Andreas Tjernshaugen og Line Renslebråten for Blåhvalen»

* Desse er nominerte for sakprosa:

Erika Fatland for Høyt: en reise i Himalaya», Alfred Fidjestøl for Mine kamper: biografien om Drillo», Dag O. Hessen for Verden på vippepunktet og Sigrun Slapgard for Eit hemmeleg liv: spesialagent og Spaniafrivillig Wilhelm Holst»

* I klassen for skjønnlitteratur kappast desse nominerte:

Beate Grimsrud for Jeg foreslår at vi våkner», Vigdis Hjorth for Er mor død», Olaug Nilssen for Yt etter evne, få etter behov» og Per Marius Weidner-Olsen for Jeg hadde en oppvekst nesten som min egen».

Powered by Labrador CMS