Arkitekt Hanne Finseth (raud jakke) frå White Arkitekter som hadde samtale med 9. klassingane på kaien i april 2024, då dei hadde informasjonsmøte rundt kai- og torgområdet og utbygging av dette. Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Arkitekt Hanne Finseth (raud jakke) frå White Arkitekter som hadde samtale med 9. klassingane på kaien i april 2024, då dei hadde informasjonsmøte rundt kai- og torgområdet og utbygging av dette.

No skal torgplanen leggjast

Etne kommune inviterer til ope møte for å informere om detaljreguleringa av Etnesjøen torg- og kaiområde, som no ligg ute til offentleg høyring

Publisert Sist oppdatert

I samband med arbeidet rundt ny detaljregulering for Etnesjøen torg- og kaiområde, inviterer Etne kommune til eit ope møte på tinghuset fredag 24. januar.

Detaljreguleringa ligg no ute til offentleg høyring, og fristen for å koma med merknader eller innspel er sett til 1. februar 2025. Føremålet med møtet er å gi informasjon om planprosessen og sjølve planframlegget til alle interesserte. Møtet rettar seg mot grunneigarar, bedriftseigarar og andre brukarar eller interessentar som ønskjer å vita meir om planane for torg- og kaiområdet.

Programmet for møtet startar med presentasjon av planframlegget ved ABO Plan- og Arkitektur. Deretter vil Etne kommune orientera om planprosessen. Etterpå blir det synfaring i planområdet. Under både møtet og synfaringa vil det vera mogleg å stille spørsmål, blir det opplyst på Etne kommune sine heimesider. Det blir presisert at tidspunkta i programmet kan avvika noko, avhengig av kor mange som deltek og kor mange spørsmål som kjem opp.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS