Lene Vormestrand under NM i Askim.
FOTO: Privat
NM-medalje i styrkeløft
Lene Vormestrand var best på rankinga før junior-NM i styrkeløft i Askim.
Ho nådde ikkje heilt opp, men fekk ein sølvmedalje bak ein utøvar frå Drammen ho tidlegare har slått.
Lene hadde første del av oppveksten i Vikedal, men flytta til Sandeid i ungdomen. Ho byrja å løfta vekter på Frisk Treningssenter i Ølen.
Ho har framleis adresse Sandeid, men representerer Stavanger Styrkeløftklubb medan ho studerer økonomi på universitetet der i byen.