Naturperle litt utafor løypenettet
Den som har oppdaga Bjønndalen sine kvalitetar som rekreasjonsområde, vil lengta tilbake. Den langstrekte dalen heilt aust i Vindafjord og Etne kommune, opplevde eit kraftig oppsving for to år sidan, då pandemien fekk mange ut av godstolen.
Den sju til åtte kilometer lange nord-sørvendte dalen ligg i eit stykke unna DNT si gullrute mellom Simlebu aust i Etne og Olalia fjellstove i Vindafjord i vest, men gamle driftavegar, godt oppgåtte stiar og vardemerking, gjer det relativt enkelt å ta seg fram her. Etne og Vikedal er dei mest aktuelle utgangspunkta for ein god tur i dette avsidesliggjande grenselandet mellom Vestland og Rogaland, der frodige natur, fleire fiskevatn, ein spesiell vegetasjon, fossande elvar og bratte fjell gir ei god villmarksoppleving. Men også via Tysselandsdalen i Suldal og Svandalen i Sauda er det mogeleg å nå den inneklemte dalen, der den ligg mellom 400 og 500 moh.
I Bjønndalen som det heiter lokalt, eller Bjørndalen som er det offisielle namnet, kan du traska i timevis, nyta roen, campa og prøva fiskelykka. Her er du likevel aldri heilt åleine, så om du ikkje treff likesinna, er det stor sjanse for eit møte med sau på sommarbeite. Nærare 500 sau og lam oppheld seg her i nokre månadar. I sør beitar også eit 20-tals storfe. Du kan også støyta på hjort, elg, ørn og fjellrype. Ein interessant flora kan området også by på. Bjørnen som dalen er kalla opp til, forsvann ein gong på 1800-talet. Naturen er urørt med unntak av to parallelle kraftlinjer frå Sauda til Hydro Karmøy Haugalandet som går gjennom dalen.
Mange stiar fram