Eit ras stenger vegen på Fjæra.
MAREN SKARE RULLESTAD
E134 i Etne blir ikkje opna i dag
Dette opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.
Geolog er søndag ettermiddag på plass på rasstaden, og inspiserer
raset frå helikopter. I skredet har ei rekkje store steinar enda opp i vegbanen
etter å ha losna høgt oppe i den bratte fjellsida over E134.
— Vi er først og fremst glade for at ingen personar er skadde av steinskredet,
seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Statens
vegvesen.