Merete Vårvik Matre (f.v.) og Silje Digernes Lothe håpar Natteramn-ordninga vil verke positivt på lokalsamfunnet i Ølen. Foto: Svein-Erik Larsen
Merete Vårvik Matre (f.v.) og Silje Digernes Lothe håpar Natteramn-ordninga vil verke positivt på lokalsamfunnet i Ølen.

Natteramnane skal kome tettare på Ølen-ungdommen

FAU og Frivilligsentralen i Vindafjord har saman starta opp med natteramnar i Ølen. Målet er at deira nærvær vil dempa utfordringar med uro, bråk og hærverk.

Publisert Sist oppdatert

I Ølen har engasjerte foreldre og frivillige slått seg saman for å introdusera Natteramn-ordninga, eit tiltak som skal styrkja tryggleiken og fellesskapet i Ølen.

I samarbeid mellom FAU ved Ølen skule og Vindafjord frivilligsentral vil vaksne frivillige patruljera. Målet er å vera synlege og tilgjengelege. Målet er at deira nærvær vil dempa uro, bråk og hærverk, og sjølvsagt skapa tryggleik og forutsigbarheit for ungdommen.

Merete Vårvik Matre sit i FAU på Ølen skule og kan fortelja at i fjor var det ein del uro i aktivitetsparken, på senteret, på fotballbanen. Det har vært både bråk og hærverk. Grannar har tidlegare omtalt fleire episodar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS