Eiendom Norge presenterer måndag bustadprisstatistikk for fjerde kvartal 2023 i sju regionrapportar, høvesvis Viken m/Oslo, Innlandet, Vestfold og Telemark, Agder og Rogaland, Vestlandet, Midt-Norge og Nord-Norge.
I 2023 under eitt hadde Haugesund, Kristiansund og Kristiansand den sterkaste veksten i bustadprisane i landet. Medan Haugesund og Karmøy fekk ein oppgang på 5,7 prosent fekk Kristiansund ein vekst på 5,1 prosent og Kristiansand ein vekst på 4,8 prosent,
Regionrapportane har oversikt over bustadprisutviklinga i 98 kommunar og bydelar i Noreg.
Regionale forskjellar
— Sør-Vestlandet skil seg ut, og av dei store byane er det Kristiansand og Stavanger som hadde den sterkaste veksten i 2023, i likskap med i 2022, fortel direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge i ei pressemelding.
— På Austlandet er det Kongsberg som utviklar seg sterkast, noko som ikkje er overraskande i lys av byens eksportretta næringsliv som har opplevd stor etterspørsel dei siste åra, seier Lauridsen.
Svakaste utvikling det siste året hadde Hammerfest med ein nedgang på 7,0 prosent. Deretter følgde Kinn og Midt-Telemark og Nome, begge med ein nedgang på 6,5 prosent.
— Av områda med svakaste utvikling i 2023 finn vi mange i smultringen» rundt Oslo. Desse opplever no ein prisnedgang truleg som ei konsekvens av stor vekst under pandemien og stor bustadbygging særleg i Akershus, seier Lauridsen.
Distriktene i Vestland hadde ei samla auka i bustadprisen på 3,2 prosent i 2023, men i fjerde kvartal fell dei tilbake med 2,2 prosent.
Nedgang i fjerde kvartal
Minst nedgang i fjerde kvartal hadde Kongsberg med ein nedgang på 1,0 prosent og Kristiansund med ein nedgang på 1,1 prosent.
— Notodden (-1,3 prosent), Øygarden (-1,7 prosent) og Bydel St.Hanshaugen i Oslo (-1,7 prosent) er andre område som hadde mindre negativ prisutvikling samanlikna med landet for øvrig, fortel Lauridsen.
Svakaste utvikling i fjerde kvartal hadde Midt-Telemark og Nome med ein nedgang på 5,5 prosent.
Vefsn i Nordland og Frogn i Viken hadde ein nedgang på høvesvis 5,0 og 4,6 prosent.
Dei ti områda med sterkast utvikling i 2023 var:
Haugesund og Karmøy +5,7 prosent
Kristiansund +5,1 prosent
Kristiansand +4,8 prosent
Sola og Randaberg +4,8 prosent
Stavanger Sør +4,5 prosent
Kongsberg +4,4 prosent
Stavanger Nord +4,2 prosent
Sandnes +4,1 prosent
Stavanger Sentrum +3,8 prosent
Bydel Nordre Aker i Oslo og Grimstad og Lillesand +3,6 prosent
Dei ti områda med svakast utvikling i 2023 var:
Hammerfest -7,0 prosent
Kinn -6,5 prosent
Midt-Telemark og Nome -6,5 prosent
Frogn -5,8 prosent
Steinkjer -4,2 prosent
Nittedal -4,1 prosent
Nesodden -3,8 prosent
Ringerike -3,7 prosent
Nordre Follo -3,4 prosent
Porsgrunn -3,4 prosent