— Når ungane sluttar å gi beskjed er det feil
Dei fleste skular rundt om i landet slit med mobbing blant elevane. Ei spørjeundersøking gjort i 2016 i regi av utdanningsdirektoratet viser at 6,3 prosent av elvanene blir i ein eller annan kombinasjon mobba av medelevar, vaksne eller digitalt av medelevar, to til tre gonger i månaden eller oftare. Dei blir kalla stygge ting, erta på ein sårande måte, baksnakka eller haldne utanfor. Rundt 20 prosent av dei som blir mobba svara at dei opplevde fysisk mobbing.
Mobbeproblemet er vanskeleg å koma til livs, og også ved skulen i Skjold har dei opplevd episodar som har fått varsellampane til å lysa. Like etter skulestart opplevde dei at eit skilt som indikerte at skulen tek skulemiljøet på alvor, var skrudd ned. I tillegg vart det oppdaga at elevar som var utsett for mobbing, ikkje lenger meinte det hadde noko for seg å gi beskjed om problemet. Det fekk leiaren i samarbeidsutvalet, Norleif Fjeldheim og leiaren i FAU, Johannes Hustveit til å ta grep.
— Når ungane sluttar å gi beskjed er det feil. Alle elevar har rett på eit trygt og godt skulemiljø. Me opplevde også at zero-skiltet blei skrudd ned og sett framføre døra inn til skulen. Det er tydeleg at nokon ville markera at her var det noko å jobba med, seier Fjeldheim og understrekar kor viktig det er å ta signala på alvor.