Emma Bjelland Ingebrigtsen
Emma Bjelland Ingebrigtsen

Når dagens datingkultur blir ein forretningsavtale

Publisert Sist oppdatert

Dagens datingkultur, spesielt blant oss unge, er eit stadig omdiskutert tema. Me sveipar, filtrerar og vurderar potensielle partnarar på nett før me i det heile tatt har høyrt nokon si stemme eller kjent eit handtrykk i verkelegheita. No kan både høgde, utdanning, utsjånad og bustad sjekkast med nokre få trykk på telefonen. Og eg meiner dagens datingkultur ofte kan kjennes ut som eit shoppingmarked. Eit shoppingmarked med både angrerett og returmoglegheit.

Eg har reflektert mykje over korleis dagens datingliv ofte måler verdi i pengar, status og bakgrunn. Det får meg til å tenkje over korleis kjærleik har endra seg sidan mine besteforeldre var unge, og om me i dag i aukande grad nærmast vurderer forhold som ein investering – med risiko og avkastning. Som ein slags forretningsavtale, der me alle har ein markedsverdi basert på alle desse ytre tinga.

Me veit jo at i verkelegheita er ting ofte annleis. At når me møter nokon på ein fest eller gjennom felles vener, at me då gjerne ikkje har desse sjekklistene med oss på same måte. Eit hyggeleg smil og ein god samtale kan gjere inntekt og status heilt irrelevant. Og kanskje er me òg meir generøse i verkelegheita, nettopp fordi me ikkje berre kan scrolle oss vekk frå kvarandre og verkelegheita?

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS