Samferdsel
Nærmar seg E134-prosjekt
— I stor grad skal ein følgja den gamle traseen rundt Hodnafjellet. Ein skal utbetra vegen og leggja til rette for fortau, sa einingsleiar Thomas Vestbø for areal og forvaltning under eit formannskapsmøte tysdag 16. september.
På same møte fortalde ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) at torsdag 18. september skulle det vere eit møte i den politiske styringsgruppa i Haugalandspakken, der E134 Ølen–Mørkeli var på sakslista med forslag om å auka ramma med 17 millionar kroner.
Breiare og tryggare
Etter møtet med Vindafjord kommune fortalde planleggingsleiar Jeanette Hovland i Vegvesenet til Haugesunds Avis at dei skulle ha det same møtet med Tysvær kommune fredag 19. september, samstundes som dei ville senda ut varsel til alle berørte grunneigarar.
Hovland opplyste at Statens vegvesen har fått midlar til å gjennomføra planarbeidet, både for ein breiare veg og ein gang- og sykkelveg mellom toplanskrysset i Våg og bedehuset på Ersland i Skjold.
— Vårt utkast, som me vil drøfta vidare med alle berørte partar, går ut på at me brukar den noverande gang- og sykkelvegen frå Ersland bedehus mot Kalveland og held fram på nordsida av dagens E134 heilt til krysset til Breivikvegen. Der blir det laga ein undergang slik at gåande og syklande kan kryssa under vegen til sørsida. Derifrå og heilt fram til gang- og sykkelvegen ved toplanskrysset i Våg føreslår me at sykkelvegen går på sørsida av dagens E134, sa planleggingsleiaren.
Hovland sa at arbeidet med ein reguleringsplan tek eitt år eller meir. Prosjektet høyrer under Vegvesenet sitt drifts- og vedlikehaldsprogram.
153 millionar ekstra frå staten
Under møtet i den politiske styringsgruppa i Haugalandspakken låg det eit forslag til vedtak som lydde:
Haugalandspakken sitt bidrag til prosjektet Ølen–Mørkeli blir auka med 17 millionar kroner. Auken blir gjeven under føresetnad av at det statlege bidraget òg blir auka med 153 millionar kroner, i tråd med slik det er skildra i Nasjonal transportplan sin gjennomføringsplan for perioden 2025–2030.»
I saksinnkallinga har sekretariatet i Haugalandspakken skrive si vurdering. Dei viser til at prosjektet har ein lang historikk i Haugalandspakken der det gjennom åra har hatt ulikt omfang og utstrekking. No er strekninga Ølen–Mørkeli endeleg planavklara og nærmar seg utlysing, gitt avklara finansiering.
Statens vegvesen har heilt sidan 2022 vore opne på at dei har valt å inkludera forsterka kant- og midtoppmerking i prosjektet, og at dette ville gje auka kostnader som det var venta at staten skulle dekkja gjennom auka finansiering. No har staten gjennom sin siste gjennomføringsplan til NTP gått inn med over 150 millionar kroner i ekstra statleg løyving. Dette blir vurdert til å vera betydeleg meir enn kva den forsterka kant- og midtoppmerkinga medfører av ekstrakostnader.
— Med andre ord har staten gått inn med reelt meir midlar enn tidlegare, skriv styringsgruppa.
Dei peikar på at det tidlegare i Haugalandspakken har vore brei semje i styringsgruppa om at prosjekt med statleg medfinansiering skal prioriterast, mellom anna for å unngå at desse statlege midlane forsvinn til andre prosjekt.
Tveit–Gjerde hadde opphavleg om lag 50/50-fordeling mellom bompengar og statlege midlar. Med forslaget i denne saka vil bompengeandelen til Ølen–Mørkeli bli på om lag 37,5 prosent, når den statlege fullfinansieringa av Mørkelikrysset òg blir teken i betraktning.
— Strekninga manglar i dag gul midtstripe på fleire delstrekningar og har til dels dårleg vegstandard, noko som har resultert i fleire ulukker med alvorlege personskadar, skriv styringsgruppa.
I tråd med måla
Vidare meiner styringsgruppa at utbygging av strekninga vil inngå i ein større samanheng, med utbygging av E134 i Etne kommune inne som eit prioritert prosjekt i Nasjonal transportplan. Dei slår fast at utbygging av E134 òg er i tråd med målsetjingane i Haugalandspakken.
Saka blei diskutert i administrativ koordineringsgruppe 9. september. Administrativ gruppe gav einstemmig tilslutning til forslaget om å auka bompengebidraget til prosjektet. Som Haugesunds Avis var først til å omtala, vedtok òg den politiske styringsgruppa i Haugalandspakken forslaget om å auka ramma med 17 millionar kroner.