Bygg og bu
Nærmar seg byggestart på kaien
Forbruken AS står bak eit omfattande bustadprosjekt midt i Etne sentrum. Planane har vore på gang i fleire år, men no nærmar reguleringsarbeidet seg slutten – og utbyggjarane ser fram mot oppstart.
Prosjektet, som omfattar mellom 15 og 16 leilegheiter i storleik frå 90 til 110 kvadratmeter, har vore planlagt lenge. Ifølgje prosjektleiinga starta samtalane med både naboar og Etne kommune alt før pandemien.
— Me har hatt ein god dialog både med naboar og kommunen, men me har valt å venta på reguleringsprosessen. Kommunen meinte det var fornuftig at prosjektet blei ein del av den samla sentrumsplanen. Det har gjort prosessen meir omfattande enn me først såg føre oss, seier dagleg leiar i Forbruken AS, Ole Martin Grindheim, og legg til at vikingmuseumprosjektet på sjøkanten gjorde også at reguleringsarbeidet blei ytterlegare utsett.
Garasje under torget
Ein viktig del av planane er eit underjordisk garasjeanlegg under torget. Dette skal både kommunen og bustadkjøparane nytta.
— Me trur dette er noko som vil gi eit løft til heile sentrum, og me opplever at kommunen er svært interessert i å få realisert planane, seier Leif Grindheim, som er prosjektkoordinator.
I tillegg til leilegheitene, er det planlagt eit fellesrom i første etasje, med utsikt mot sjøen, som kan nyttast til konfirmasjonar, samlingar og andre sosiale aktivitetar.
Kven står bak?
Eigarskapen kan ved første augekast sjå noko uoversiktleg ut. Etne Forbruksforening AS eig bygget og eigedomen, mens Forbruken AS står som utbyggjar.
— Det er Forbruken AS som formelt skal stå for utbygginga. Eigedomen er seksjonert, men hovuddelen ligg hos Etne Forbruksforening AS, forklarar Ole Martin Grindheim, som i tillegg til å vera dagleg leiar, eig bygget.
Utbyggjar samarbeider med Vigor prosjekt, som er eigd 50 prosent av Byggefirma Kjetil Nedreskår AS og 50 prosent av Hato Holding AS (Tungesvik Bygg)
Høg standard – men kven kjøper?
Leilegheitene skal ha gjennomgåande løysingar med balkong på begge sider, både mot sentrum og mot fjorden. Det skal vera heis frå garasjeanlegg til leilegheitene, som varierer mellom to og tre soverom. Nokre av bustadene er under 100 kvadratmeter og kan derfor gi moglegheit for husbankfinansiering.
Målgruppa har i utgangspunktet vore vaksne over 50 år, ifølgje utbyggjarane, som likevel understrekar at bustadene er opne for alle.
— Dette blir leilegheiter av høg standard på ei av dei mest attraktive tomtene i Etne sentrum. Prisnivået kjem til å ligga deretter, men me trur bustadene vil vera svært attraktive, seier Ole Martin Grindheim.
Eit løft for sentrum
Kvar leilegheit er venta å kosta mellom 5 og 6 millionar kroner. Når byggestarten kjem, er likevel avhengig av marknaden.
— Marknaden er noko treg for tida, men me har tru på prosjektet. Me reknar med å koma i gang når reguleringsplanen er ferdig og eit visst tal leilegheiter er selt, seier Grindheim.
Reguleringsplanen er venta å vera ferdig i starten på 2026, tidlegast i februar. Deretter følgjer høyrings- og klagefristar.
— Me håpar på oppstart av bygging i løpet av 2026, men mykje kjem an på marknaden og sal av leilegheitene, seier Leif Grindheim.
Utbyggjarane ser prosjektet som eit viktig bidrag til utviklinga av sentrum.
— Me opplever at kommunen er positive, og at dei ønskjer å realisera sjøfronten parallelt med vårt prosjekt. Det vil gi eit stort løft for heile Etne sentrum, seier dei, og legg til at det i tillegg blir det lagt opp til flomsikringstiltak i samband med prosjektet, noko både kommunen og utbyggjarane meiner er avgjerande for ei trygg og framtidsretta utvikling av sjøfronten.