Næringsliv
Næringslivstopp kjøper Dommersnes-tomt
Den betente saka kring utviklinga av industrområdet Dommersnes i Vikebygd tok søndag ei ny vending. Eit selskap eigd av gründeren og næringslivstoppen Kjetil Vikingstad fra Karmøy har kjøpt ei tomt som ligg i det omstridde området kor det for tida blir arbeidd med planar for storstilt havvind-industri.
— Ikkje blitt høyrde
Kjetil Vikingstad har vore hytteeigar i Vikebygd i meir enn 20 år og fortel at han nyttar hytta både privat og i samband med jobbsamlingar og relasjonsbygging. Han stortrivst i bygda. Men han ønskjer ikkje å sjå at Ålfjorden i framtida blir fylt opp med gigantiske vindturbinar, som ein del av det Windafjord Port har presentert som mogleg storstilt havvind-industri i området.
Han har vore ein del av grupperinga Bevar Ålfjordens perle, som i fleire rundar har kjempa mot planar om etablering av havvind-industri på Dommersnes.
— Som hytteeigarar har me ikkje blitt høyrde. Me føler oss rett og slett litt overkøyrde og har fått lite gehør, både frå Windafjord Port og Vindafjord kommune. Som næringsaktør håpar eg no å kome i posisjon til å påverke utviklinga av området, seier han til Grannar søndag ettermiddag.
Vikingstad understrekar at han er oppteken av utvikling, og meiner at Vikebygd har eit stort potensial innan andre næringar enn havvind. Han nemner både landbruk, biobrensel og turisme som mogelege satsingsområde, der fellesnemnaren er behovet for kai.
— Vinden snur
Gründeren bak konsernet Geminor AS, eit internasjonalt gjenvinningsselskap med base på Karmøy, og som i fjor omsette for 2,8 milliardar kroner, driv innan fleire såkalla grøne næringar. Og Vikingstad ser eit potensial for å utvikle andre næringar enn havvind på staden.
— Den politiske vinden er jo også i ferd med å snu vekk frå havvind no. Havvind er ei næring som ikkje klarar seg utan store subsidiar, og er difor ikkje økonomisk berekraftig. Eg meiner ein må sjå på meir berekraftige og langsiktige prosjekt på Dommersnes, seier han.
Han legg til at prosjektet kor Aker Solutions gjennomførte støyping av understell til 11 flytande havvind-turbinar på Dommersnes for nokre år sidan var til å leve med.
Han seier at Vikingstad AS ønskjer å vere med på utvikla ny næring i Vikebygd, gjennom å lytte til lokalbefolkninga og finne prosjekt som går hand i hand med ønskja til dei som bur i bygda. Og at han no er klar for å gå til forhandlingsbordet med Windafjord Port/Dommersnes AS og Vindafjord kommune.
— Eg håpar og trur me skal få til noko bra saman, seier han.
Dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port skriv i en SMS til Grannar at dei forheld seg til dei som eig tomter på regulerområdet i høve til gjeldande reglar, og at dei gjerne tek ein dialog med ny eigar.