Dagleg leiar Lars Arvid Norekvål i Ølen Betong (t.v.) og salssjef Mathias Granberg i Granberg AS håpar at Ølensambandet kan bli redda.
FOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK/VESTAVIND OG SVEIN-ERIK LARSEN. FOTOMONTASJE: GRANNAR
Næringsliv
Næringslivet reagerer på båtkutt
— Det er trist for heile regionen. Spesielt for dei som er avhengige av båten, både i næringslivet og som privatpersonar, seier salssjef Mathias Granberg i Granberg AS på Bjoa.
Ølensambandet sørgjer for at snøggbåten mellom Bergen og Sunnhordland stoppar i Ølen og på Utbjoa. No ligg det an til at sambandet blir lagt ned innan få veker, etter politiske vedtak i Rogaland og Vestland.
Skyss, som driv båten, høyrer til Vestland fylkeskommune. Men det er Rogaland fylke som har betalt for at båten skal stoppa i Vindafjord. Dette har kosta 1,6 millionar kroner i året.
— Eg synest det er synd at ein såpass låg sum skal svekkje eit heilt regionstilbod på denne måten, seier Mathias Granberg.