Nå kan du leige skiutstyr på Opheim og Fjellstøl
Har du tenkt deg ein tur på ski og manglar turutstyr kan utlånsportalen Frilager bli løysinga. Her kan du for ein liten sum leiga alt som trengst av friluftsutstyr berre ved å hjelp av eit tastetrykk.
På Opheim og Fjellstøl står to flunkande nye redskapshus proppfulle med skiutstyr klar til utleige. Her kan barn og vaksne som ønskjer å leiga seg utstyr til skituren finna både ski, stavar og sko. Det einaste ein treng å gjera er å logga seg inn på nettportalen til utleigar, betale og få tilsendt kode til dørlåsen. Så er det berre å forsyna seg av det ein treng. For eitt års tid sidan plasserte Frilager Haugalandet ein skitilhengjar på Opheim fullasta med skiutstyr, men nå har utstyret fått permanent tilhaldsstad i den vesle trehytta. I tillegg er det sett opp liknande hytte på Fjellstøl.
— Ein bestiller på Frilager.no og får koden på e-post når ein har booka. Det er kjempeenkelt og ein får koden med ein gong, seier leiar i Frilager Haugalandet, Lene Solstad Apeland.
Både Fjellstøl og Opheim er populære friluftsområde som utlånsportalen av friluftsutstyr har valt å satsa på, og i løpet av vintermånadane er det skiutstyr som fyller utstyrsbodene. Til våren og sommaren kan skiutstyret bli byta ut med syklar og anna friluftsutstyr, og ved Olalia er planen å leggja ut kanoar til utleige. Frilager har i dag 6 aktivitetsplassar med tilbod om kanoutleige i distriktet og målet er å utvida tilbodet med ein ny plass i Vindafjord.