Prognosane for laurdag er like gode som dei var i 2016. Då kan det nok ein gong bli trongt om plassen når folk samlast for å sjå ta sjansen.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Mykje folk på Vågendagen
Det flotte solskinet lokka bygdefolk og tilreisande til kaiområdet i Ølensvåg under Vågendagen laurdag. Her var det nok av ting å ta seg til både for store og små. Hoppeslott, el-bilar, bmx show og prøvekøyring med atv var noko av det dei yngste sett mest pris på. Dei bilinteresserte kunne beundra blankpolerte dollarglis og andre staselige køyredoningar, og for dei handlelystne lokka ulike salsboder med noko godt til kaffien eller ein liten ting til huset.
— Det seg lovande ut med besøkstalet i år, seier Monika Berge Fjæra og kikkar utover folkehavet som har samla seg for å få med seg dagens høgdepunkt, den populære Ta sjansen konkurransen der sju båtar skal konkurrere i klassen for mest kreative båt og raskaste båt.