Mx-campen er i gang for fullt: – Eit betre samhald finn du ikkje
Med høg lyd og fart køyrer 67 unge førarar på motorbanen i Vikedal fredag, laurdag og søndag denne helga. Ingrid Haugen er kontaktperson og leiar for sommarcampen i tillegg til å sitte i styret ved NMK Vikedal. Sola steika på den tørre banen, men det stoppa ikkje førarane.
— Me får bruke elva for alt den er vert, ler Ingrid Haugen.
Blant dei 67 påmeldte var det førarar i alle aldrar frå fem til 70 år. Den yngste føraren på fem år var ei jente frå Sogn. Folk kjem frå heile Noreg for å ta del i campen.