Musikalsk juleforteljing for heile familien
Førstkommande laurdag kjem førestillinga Eit hjarte til jul» til Etne bibliotek. Nora er ni år. Ho gler seg til jul, men ho gruar seg òg. Mamma ligg på sjukehus. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Nora er redd for at mamma ikkje vil kjenne henne att med eit anna hjarte enn sitt eige. Farmor veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa finn Nora det perfekte juletreet. Og då, akkurat då, fer eit stjerneskot over himmelen. I den musikalske juleforteljinga Eit hjarte til jul» les Line Dybedal frå biletboka med same namn. Låtskrivaren frå Nordfjord debuterte som barnebokforfattar med denne boka. Line Dybedal les, syng og akkompagnerer seg sjølv på piano. Saman med seg på scena har ho gitarist Mathias Marstrander. Han rammar inn forteljinga med musikalske stemningsbilete. Publikum får følgje historia om Nora frå blad til blad.
Line Renslebråten sine illustrasjonar blir viste i stort format som ein del av scenografien. Arrangementet er i regi av Nynorsk kultursentrum.