På garasjeloftet heime hos Einar Langelandsvik i Skjold står minna etter fortida på rekkje og rad. Mesteparten av gjenstandane stammar frå heimplassen Langelandsvik der oldefaren Ola, bestefaren Laurits og faren Laurits budde, og ein del har høyrt heime på garden Bakken i Haraldseidvåg.
— Alt har høyrt til slekta, seier Einar Langelandsvik og viser fram ei imponerande samling gamle bruksgjenstandar, verktøy og gardsutstyr som har tilhøyrt forfedrane.
— Eg har alltid likt å ta vare på det gamle og eg starta å samla då mor mi døydde i 2004. Alt dette hadde gått i bosset dersom eg ikkje hadde tatt vare på det, seier han.