Mowi-sjef Ivan Vindheim overtar det nordnorske oppdrettsselskapet Nova Sea ved å kjøpe seg opp til 95 prosent av aksjane, i tillegg til å gi eit tilbod om aksjekjøp til dei resterande aksjonærane. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
Mowi-sjef Ivan Vindheim overtar det nordnorske oppdrettsselskapet Nova Sea ved å kjøpe seg opp til 95 prosent av aksjane, i tillegg til å gi eit tilbod om aksjekjøp til dei resterande aksjonærane.

Mowi kjøper seg opp i Nova Sea – pungar ut 7,4 milliardar kroner

Noregs største lakseoppdrettar Mowi kjøper seg opp til ein eigardel på 95 prosent i Nova Sea. Mowi pungar ut med 7,4 milliardar kroner i oppkjøpet.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er ein strategisk viktig transaksjon for Mowi som vil vere ein katalysator for berekraftig vekst i Nord-Noreg. Vi skal vekse vidare igjennom verdikjeda og kjem til å satse endå meir på Nord-Noreg framover og skape fleire arbeidsplassar og stadig meir aktivitet, seier Mowi-sjef Ivan Vindheim i ei pressemelding.

I tillegg vil Mowi komme med eit frivillig kontanttilbod til aksjonærane som eig dei siste 5 prosentane av Nova Sea.

Nova Sea er Nord-Noregs største oppdrettsselskap med oppdrettsanlegg langs heile Helgelandskysten, og Mowi har vore minoritetsaksjonær sidan 1995.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS