Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Motvind Vindafjord hadde skipingsmøte i Vats onsdag. FOTO: PRIVAT
Motvind Vindafjord hadde skipingsmøte i Vats onsdag.

Lesaren melder

Motvind Vindafjord har stifta lokallag

Då er Motvind Vindafjord formelt stifta. 20 personar var til stades på stiftingsmøtet som vart halde i Nedre Vats onsdag. Laget har til formål å samordna lokale medlemmar i Motvind Norge, samt eventuelle andre motstandsgrupper mot vindkraft, og mobilisera folk i Vindafjord mot natur- og miljøøydeleggjande og ikkje berekraftig industriell landbasert vindkraftutbygging. Formålet skal oppnåast gjennom mellom anna følgjande aktivitetar:

  • Informasjonsverksemd
  • Arrangement, aksjonar og møter
  • Dokumentasjon av natur, miljø og helserisiko ved vindkraftanlegg
  • Arbeida for eit prinsippvedtak i kommunestyret mot landbasert vindkraft

Me har tru på at me er eit godt styre med gode verdiar og haldningar, med respekt for både menneske rundt oss og naturen. Me har lova å vera saklege og høflege i vår framgangsmåte når me skal jobba med å opplysa folk og politikarar om ulempene med vindkraftutbygging. Me vil bruka erfaringar frå andre utbyggingar.

Powered by Labrador CMS