Rulling med Skånevik skule 5. juni 25 i Etne.
Etter spikring var det saging, og her er laget til lærar Anne Gunvor Ness (bak) nesten ferdig. Fra venstre; Anna Garvik Arefjord, Eivind Eikemo Knudsen, Leander Funderud og Juliana Haga Bull-Tornøe.
Rulling med Skånevik skule 5. juni 25 i Etne.
Seljar Thomas Rullestad i Brødr. Mæland haldt ein engasjert presentasjon, og la ikkje skjul på at dei i bransjen forventar problemer med rekruttering i framtida.
Rulling med Skånevik skule 5. juni 25 i Etne.
Lena Furdal, som jobbar med interiørdesign og administrasjon i Brødr. Mæland, fortalde elevane om byggebransjen frå eit kvinneperspektiv.
Rulling med Skånevik skule 5. juni 25 i Etne.
Thomas Rullestad i Brødr. Mæland informerer om kva område dei rekrutterer arbeidskraft.
Rulling med Skånevik skule 5. juni 25 i Etne.
Raun P. Hesjedal (f.v.), Jaokim Moe Tungesvik, Lilly Åsheim Karlsen og Thea Vika Knudsen meiner at ein dag som dagen i Etne gir nyttig lærdom.
Rulling med Skånevik skule 5. juni 25 i Etne.
Etter presentasjonen til Thomas Rullestad arrangerte Brødr. Mæland AS ein konkurranse med spikring og saging. Lærar Anne Gunvor Ness var på eit av laga, og her ser nokre av elevane hennar ut til å vera imponerte over læraren sin. Bak frå venstre: Eivind Eikemo Knudsen, Anna Garvik Arefjord, Leander Funderud, Juliana Haga Bull-Tornøe og Leon Ribesen. Delvis skjult: Bjarne Rangvald Frøland Torkildsen og Dennis Sirnes
Rulling med Skånevik skule 5. juni 25 i Etne.
Line Andersen i Medvind Næringshage er teknisk arrangør av utvekslinga.
Rulling med Skånevik skule 5. juni 25 i Etne.
Anne Gunvor Ness er kontaktlærar for 8. og 9. klasse ved Skånevik skule.
Rulling med Skånevik skule 5. juni 25 i Etne.
Snart 14 år gamle Ingrid Synnøve Ebne (t.v.) kan tenkja seg å gå satsa på byggbransjen, men då med plan og arkitektur. Julianna Haga Bull-Tornøe, som og snart blir 14 år, har andre planar.
Rulling med Skånevik skule 5. juni 25 i Etne.
Maren Handeland fra lærarstaben deltok òg på eit av laga. Bak henne er (f.v.) Leon Ribesen, Dennis Sirnes, Bjarne Rangvald Frøland Torkildsen og Elene Langhelle Tronstad.

Mottekne med opne armar

Medvind Næringshage har tatt initiativet til at ungdomsskulelevar skal få koma i kontakt med lokale arbeidsgjevarar. Åttande og niande klasse frå Skånevik har vore i Etne, og elevar frå Etne dreg motsett veg.

Publisert Sist oppdatert

Brødr. Mæland, Etne omsorgssenter, Sparebanken Norge, Etne Auto og MCE har vore vertskap for elevane fra Skånevik. Etneelevane skal besøka Knudsen Dørfabrikk og SMV. Så skal dei sjå på reinsesystemet som Johansen Rør har laga til utebassenget i Skånevik, og etter det stiller Larsen Bakeri og Sjøkanten Trivsel med boller og bassengbading for elevane.

— Me har lagt opp dette etter modell frå konseptet vårt russen rullar», kor avgangselevar frå vidaregåande får treffa lokale verksemder for å sjå på arbeidsmoglegheiter etter utdanningane deira er ferdige, seier Line Andersen.

Ho er prosjektleiar og forretningsutviklar i Medvind Næringshage med kontorstad i Ølensvåg, og ho kunne same morgon gi elevane eit praktisk døme på at nokre gonger endrar føresetnadene seg raskt, og at då er det handlekraft som gjeld.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS