Rundt 50 personar møtte fram då NVE hadde synfaring til Strypeheia i Etne onsdag. Nå utfordrar Forum for jord og sjøkabel toppolitakar til å bli med opp på fjellet og sjå kva det handlar om.Foto: Grethe Hopland Ravn
Rundt 50 personar møtte fram då NVE hadde synfaring til Strypeheia i Etne juni i fjor.

Møtte NVE og Statnett på Strype

Rundt 50 personar blei onsdag med på synfaringa NVE arrangerte til Strype i Etne. Det er ikkje tvil om at engasjementet hos dei frammøtte var sterkt, og fleire stilte med både banner og t-skjorter, og ein del kritiske spørsmål til både NVE og Statnett.

Publisert Sist oppdatert

I samla tropp gjekk lokalbefolkninga saman med utsendingar frå både NVE og Statnett inn til Stypeheia for ei synfaring. Føremålet med synfaringa var at NVE si leiing skal få ei oversikt over kraftleidninga si plassering i terrenget, og at representantar for lokale og regionale interesser skal få høve til å koma med utfyllande merknadar til planane. Blant dei frammøtte var både grunneigarar, kommunalt tilsette, politikarar og private personar.

— Eg er her i dag fordi eg brukar dette fjellet neste kvar veke. Kjem det store master i fjellet, blir det ikkje den same opplevinga. Å gå i urørt natur, er ikkje det same som å gå i natur der store inngrep har skjedd, seier Alexander Høyland (18).

Kjmepar for å bevara Strypeheia og Etnefjellet slik det er i dag. F.v: Dag Neraal (t.v.), Alexander Høyland, Kurt Hagen.

Prislapp på 1,1 milliard

Det tar om lag 40-50 minutt å gå inn til Strypeheia frå Røde Kors-huset på Hjørnås. Terrenget er godt å gå i med nokre oppoverbakkar, og nokre nedover. Resten av turen er beine vegen, der ein passerer fleire fjellvatn og kjødn, og terrenget både er myrlent og av stein.

Akkurat denne dagen spelte ikkje vêrguden heilt på lag, for dess nærare ein kom Strypeheia, dess tjukkare blei tåka. Og tidvis var tåka som graut. Den flotte utsikten frå Strype og utover bygda, blei umogeleg å sjå.

Inga Nordberg er leiar av energi- og konsesjonsavdelinga i NVE, og det var ho som informerte om bakgrunnen for synfaringa denne dagen. Med seg hadde ho fleire andre frå NVE, og frå Statnett. Prosjektleiar for leidninga som gjennom terrenget her, er Kari Eika. Ho var også til stades, og kunne opplysa at prosjektet i sin heilskap frå Blåfalli til Gismarvik har førebels ein prislapp på i overkant av 1,1 milliardar, men at ho ikkje ser bort frå at denne summen kan auka.

Det har blitt sagt at området her er lite- til middels eigna som friluftsområde, og det er heilt feil.

Åge Grindheim, grunneigar

Feilinformasjon

I over ein time måtte Kari Eika, Inga Nordberg og dei andre frå Statnett og NVE svara på spørsmål frå både grunneigarar og lokalbefolkninga. Ein av dei var Åge Grindheim som har reagert på både framgangsmåte og formulering frå Statnett si side.

Prosjektleiar i Statnett Kari Eika (gul vest) og Inga Nordberg er leiar av energi- og konsesjonsavdelinga i NVE måtte svara på spørsmål frå dei frammøtte.

— Det har blitt sagt at området her er lite- til middels eigna som friluftsområde, og det er heilt feil. Dette området, i saman med Olalia, er dei mest populære plassane. Her har du mangfald og variasjon i terrenget og Strype er ei perle som mange besøker. Det er eit naturspa, her er mange gode fjellvatn og kjødn å bada i, fjella er gode å gå i, og me som er grunneigarar og som driv parkeringsplassen, kjenner jo til kor godt besøket her oppe er, seier Åge Grindheim, og haustar applaus frå dei andre som er villige til å kjempa mot planane til Statnett.

Ein annan ting som irriterer Grindheim, er at han ikkje føler Statnett tar grunneigarar og lokalbefolkninga seriøst.

— Statnett gjekk tidleg ut med at jord- og sjøkabel blir minst seks milliardar dyrare enn luftspenn, men då NVE bad Statnett om å rekna dette ut på nytt, landa summen på 3 milliardar. Nesten ei halvvering av første kalkulasjon, men det blir det ikkje sendt ut noko pressemelding på, seier han.

Kari Eika seier opplyser at når det gjeld opplysningar rundt kostnadar, er det lovar og reglar dei må forhalda seg til. Statnett kan ikkje gi ut fleire detaljar enn det dei har gjort. Det som gjeld er det som ligg i kabelnotatet som ligg på Statnett sine nettsider, og det er 3,9 milliardar.

Åge Grindheim stilte direkte og kritiske spørsmål til Statnett. I prosessen føler han ikkje at Statnett har tatt lokalbefolkninga og grunneigarar seriøst.

— Eit alibi

Harald Hansen er innflyttar i Etne, og har også engasjert seg i saka.

— Me kom i fjor, og byrja å snakka med lokalbefolkninga om turmoglegheiter, og alle sa Strype. Me har blitt veldig glad i området her, og om det estetiske uttrykket skal endrast til eit landskap med høgspentmaster på 40 meter, blir opplevinga annleis. Eg synest Statnett svarar dårleg for seg, og heile seansen verkar meir som eit alibi. No har dei tatt med lokalbefolkninga, men eg har ikkje tru på at dei har tenkt å snu. Me får berre følgja med vidare, seier Hansen.

Dag Neraal heldt appell på Stypeheia, og var omkransa av bannerar som oppmoda til bevaring av fjellet.
Powered by Labrador CMS