Inga-Cecilie Sørheim.
Foto: Privat
På tampen
Monsen og meg
Me lever i ei mørk tid. Krig og uro pregar verdsbildet. Trump har gitt bånn gass ut frå startblokka. Handelskrig i alle retningar, stopp i bistand, utmelding av klimaavtalar og internasjonalt samarbeid. Framtida framstår meir usikker enn på lenge. Kina og USA kjempar om kunstig intelligens. Men kva skjer med den ekte intelligensen? Av og til kan ein lure.
Men fortvil ikkje, for kven er det som står fram som eit fyrtårn i dette mørket? Ei motvekt mot den moderne galskapen? (Og nei, Odd Nerdrum; eg tenker ikkje på deg, sjølv om du sikkert ville nominert deg sjølv som kandidat.) Eg har nemleg fått meg eit nytt favorittprogram på tv. Eg snakkar om sjølvaste Lars Monsen. I hans nyaste programserie er han igjen ute på tur og utforskar dei norske nasjonalparkane. Sjølv er eg verken jeger eller fiskar eller kvit mann over femti. Men likevel; det er noko med Monsen. Er han akkurat det me treng meir av nå?
Det skjer ikkje så mykje i programma hans. Han ruslar rundt i skog og mark og snakkar med seg sjølv eller bikkja. Han frydar seg over dyr og planter han møter på sin veg. Han har det ikkje travelt. Snarare tvert imot. Turen skal nytast i fulle andedrag. Han kosar seg i soveposen. Nyter ein kopp kaffi kokt på bålet. Steiker sjølvfanga fisk på panna.