Margrete Skogen.
ARKIVFOTO: GRETHE HOPLAND RAVN
79 år sidan frigjeringdagen
Minne frå krigsåra i Imsland
I dag 8. mai er det 79 år sidan freden kom til Noreg etter andre verdskrig. I samband med det har Grannar fått tilsendt minne som snart 97 år gamle Magrete Skogen i Imsland har skrive ned:
Eg minnest godt då det blei krig i 1940. Det var overskya vêr. Far min, Henrik Nygaard, og drengen, Ragnvald Lien, var i Kjøylå og veda. Mor, Hansine, var bortmed bekken og vaska klær, og eg var på vei til kjellaren for å henta poteter. Me skulle ha komla til middag. Då kom naboen, Selmer Balle, gåande på vegen. Han ropte opp til mor og sa at det var blitt krig. Han skulle ut til Nils Rosseid som hadde radio. Det var ikkje mange som hadde radio då, så det var mange som samlast der og høyrde på nyhetene.
Tida gjekk, og det blei rasjonering på mest alt. Skulle me ha nye sko, måtte me søkja om det, og få tilvising. Eg kjøpte skor som var av fiskeskinn, men solane var av kryssfiner. Det var skore riller under, slik at dei kunne bøyast! Men til konfirmasjon i 1942 fekk eg skinnsko med høge helar.