Denne veka må ein til fjells for å oppleve skikkeleg vinter, ifølgje Meteorologisk institutt. I låglandet kan ein vente mildvêr og nedbør fram til søndag.
– Den siste vinterferieveka kan med eitt ord samanfattast som lågtrykksprega, seier vakthavande meteorolog Marit Berger i Meteorologisk institutt til NTB.
Måndag byrja vinterferien i Innlandet, Buskerud, Rogaland, Vestland, Nordland, Troms og Finnmark fylke, og meteorologen kjem med ei klar tilråding til dei som ønskjer å oppleve skikkeleg vintervêr.
– Ein må komme seg opp i høgda, seier ho.
Der vêret snur
Det er meldt mildare vêr og nedbør i store delar av landet, og mykje av nedbøren skal komme som regn.
På Vestlandet beskriv meteorologen vinterferievêret som vått og grått, men med teikn til betring i helga.
– Då blir det opphaldsvêr og sjanse for litt sol. Særleg på søndag, seier ho.
I Midt-Noreg er det også venta periodar med nedbør store delar av veka, men også her spår meteorologen at det kan bli opphaldsvêr.
– Det kan komme litt nedbør i fjellområda og rundt grensa mot Sverige, men elles er det gode sjansar for sol i helga.
Nedbøren held fram på Austlandet
Fullt så heldige er dei likevel ikkje på Austlandet.
– Også her vil det komme nedbør denne veka, men i motsetning til på Vestlandet er det ikkje like sannsynleg at det blir opphaldsvêr til helga, seier ho, og får støtte frå yr.no:
På Yr varslar meteorologane regn i Oslo til og med måndag neste veke.
Mildare i nord
Ifølgje Berger blir det mildare vêr i Nord-Noreg torsdag og fredag, før temperaturen skal søkke igjen i løpet av helga.
– I Nordland kan det bli periodar med nedbør. Den kjem som regn langs kysten, og som snø når ein kjem lenger inn i landet, seier ho.
I Troms og Finnmark kan det periodevis komme snø og sludd, med tidvis sterk vind torsdag og fredag, legg ho til.