Straumrekningar som svir. Jone Ingvald Skartland steller godt med kyrne sine, sjølv om det kostar.
Foto: Svein-Erik Larsen
Merkar straumprisane på kroppen
Når Grannar tek turen denne føremiddagen finn bonden, som driv med mjølk og ammekyr, fram ein lapp med oversikt over straumkostnadane sine. Den viser at utgiftene knytt til sjølve gardsdrifta har gått opp med nesten 6.000 kroner frå septemberrekninga i fjor til oktoberrekninga i år.
Går utover lønnsemda
Forutan kostnadane knytt til garden har også straumrekninga til hans private bruk nesten dobla seg sidan fjoråret. Som dei fleste andre gardar i dag bruker Skartland ei rekke elektroniske hjelpemiddel, eksempelvis tek ei ku seg ekstra lang tid i fôringsroboten. Dette trekkjer straum.