Nils Terje Oma er sterkt ueinig i Vindafjord Ap sitt standpunkt om å legga ned skuslane oå Bjoa og Imsland, og melder seg ut av partiet. Arkivfoto
Melder seg ut av Ap i protest
Oma er frå Bjoa, éi av to bygder som partiet hans vil ha skulenedlegging. Han deltok på Vindafjord Ap sitt gruppemøtet i førre veke, og talte imot partileiinga sitt standpunkt, og gav deretter beskjed om at han melder seg ut.
Nils Terje Oma har vore medlem i Ap i heile sitt vaksne liv og aktiv i minst 40 år. Han har blant anna éin periode bak seg i Ølen kommunestyret, og sat éin periode som varapresentant i fylkestinget, etter at Ølen hadde slått seg saman med Vindafjord kommune og inn i Rogaland.
— Eg kan ikkje stå inne for partiet sitt standpunkt i denne saka, med å stemma saman med Høgre og støtta kommunedirektøren sitt forslag om å legga ned skulane på Bjoa og Imsland. Dette er imot strategien til regjeringa som vil gi 500.000 kroner i tilskot til kommunar for kvar grendeskule som ikkje blir lagt ned. For Vindafjord vil dette bety éin million i støtte. Innsparinga med å legga ned skulen på Bjoa er på 1,7 million, og med statleg tilskot på ein halv million og ekstrautgifter med å ha fleire elvar på Vågen skule og skuleskyss, er gevinsten berre småpengar, seier Oma.