Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Norsk institutt for naturforsking fryktar at hogst skal skade naturmangfaldet i skogen. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Norsk institutt for naturforsking fryktar at hogst skal skade naturmangfaldet i skogen.

– Meir hogst truar naturmangfaldet

Publisert Sist oppdatert

I mange tiår har skogbruket i Noreg vore prega av flatehogst og andre såkalla opne hogstmetodar. Uroa veks for korleis denne praksisen påverkar naturmangfald og karbonlagring i skogen, og behovet for å vurdere alternativ til opne hogstformer har vorte tydelegare, skriv Norsk institutt for naturforsking (NINA) i ei pressemelding.

Ein ny rapport frå Norsk institutt for bioøkonomi og NINA har sett på kva for nye areal som eventuelt måtte takast i aktiv bruk ved auka bruk av lukka hogst, dersom hogstvolumet skulle halde fram med å auke slik som i dag.

– Vi ser at dersom skognæringa innfører meir lukka hogst, og samstundes skulle halde oppe volumet, vil ein del av hogsten måtte flyttast til skogsområde som hittil har vore skåna for hogst, seier NINA-forskar Ulrika Jansson.

Powered by Labrador CMS