Fatland jaktar nye leverandørar av slaktedyr i Sogn. Får dei napp skal dyra bli frakta til slakteriet i Ølen.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Meiner barnehagebarn bør få sjå på slakting
Landbruksminister Geir Pollestad (Sp) har tidlegare bede det nye Oslo-byrådet snu om kjøttstopp i barnehagane. No foreslår han at barna kan få sjå på slakting.
– Eg trur faktisk at ungar toler veldig godt å sjå slakting. Viss det skjer på rett måte, og ting blir forklart, seier Pollestad til Nationen.
Frp i Oslo har tidlegare sagt at eitt av krava deira i byrådsforhandlingane er at det nye byrådet må reversere kjøtstoppen i barnehagane. Måndag vart det klart at Frp blir eit støtteparti, og tysdag skal plattforma for det nye byrådet leggjast fram.
Pollestad har komme med eit anna forslag. Ikkje berre ønskjer han kjøtt tilbake på menyen til barnehagane, men han foreslår også at barnehagebarna i Oslo skal kunne få sjå korleis slakting av dyr går føre seg.
Landbruksministeren peikar på Lund kommune i Rogaland og på Heskestad barnehage, som han meiner Oslo har mykje å lære av. Der får nemleg ungane sjå på nært hald korleis slakting av lam går føre seg.
– Det er kunnskap som tilnærma alle i Noreg hadde eit forhold til for ein del år sidan og i tidlegare generasjonar. No er det veldig få som har det. Det trur eg rett og slett vi har godt av, meiner Pollestad.
– Eg trur det er viktig at ungar i dag forstår at det er ein samanheng mellom dyr og kjøtt, påpeikar han, og seier at barnehagane også bør vere klar over å bruke uforedla produkt og mindre ultraprosessert mat.
(NPK)