Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) vil halde E134 Bakka-Solheim varm til prosjektet er vedttatt. Bildet av lastebilen er frå Håfoss bru i Etne.ARKIVFOTO
Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) vil halde E134 Bakka-Solheim varm til prosjektet er vedttatt. Bildet av lastebilen er frå Håfoss bru i Etne.ARKIVFOTO

E134 Bakka-Solheim

— Me kan ikkje tillate oss å gå lei

Publisert Sist oppdatert

Bakka og Solheim. Det er truleg dei to stadnamna i Etne og Vindafjord som har vore nemnde flest gonger i dei to kommunane dei siste ti åra. Det handlar om fire mil med ny europaveg, til erstatning for fleire av dei smalaste og farlegaste punkta mellom endepunkta på den 46 mil lange europavegen som strekkjer seg frå Frogn i Akershus i aust til Haugesund lufthamn på Helganes på Karmøy i vest.

På agendaen – igjen

Bakka-Solheim vil utvilsamt òg bli nemnd hyppig under eit stort vegmøte som Haugaland Vekst arrangerer i Tysvær kulturhus i Aksdal komande fredag. Dit kjem mellom anna toppane som arbeider med utbygging i Statens vegvesen, både sentralt og regionalt, ein statssekretær og ein haug med lokale ordførarar og kommunedirektørar. Der skal dei lytte og utfordre. Også Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp). Nyleg var ho saman med ordførarar og kommunedirektørar frå Sunnhordland i møte med Sunnhordland-benken på Stortinget. Der gjentok ho eit bodskap som er presentert så mange gonger før: E134 Bakka-Solheim må prioriterast.

Powered by Labrador CMS