Inga-Cecilie Sørheim. Foto: Privat
Inga-Cecilie Sørheim.

På tampen

Matglede tilbake på menyen

Publisert Sist oppdatert

Eg stolar ikkje på folk som ikkje et». Mitt kontante hjartesukk blei møtt med både lattermild humring og gjenkjennande nikk. For kanskje er det fleire med meg som har merka at stadig fleire utviklar eit urovekkande anstrengt og komplisert forhold til mat..? Er me i ferd med å bli eit spiseforstyrra samfunn?

Stadig oftare opplever eg å snakke med eller høyre om folk som har fått fikse idear rundt mat, kosthald og helse. Blant anna i form av ulike diettar, der dei kuttar vanlege ingrediensar som sukker og mjøl. Eller restriksjonar på kva tid ein kan ete, med ulike fasteregimer. Fokuset på proteininntak er ekstremt hos mange, særleg dei unge. Og mange har hengt seg på siste skrik på matfronten og skal unngå all ultraprosessert mat.

Kva handlar dette om? Sjølvsagt kan me alle ha godt av eit moderat fokus på sunn og næringsrik mat. Nokon har sjukdommar eller vektproblem dei må ta omsyn til. Men det blir noko anna. Dei fleste eg høyrer om som driv med restriksjonar i matvegen er unge, slanke og friske. Eg opplever at åtferd og restriksjonar som tidlegare ville sortert under eteforstyrringar, nå nærmast er normalisert. Enkelte verkar nærmast stolte over å vise kor kontroll» dei har over matinntaket. Eg seier det igjen; å vege maten eller telle kaloriar er ikkje normalt – iallfall ikkje for friske, unge folk.

Me treng skikkeleg mat

Me treng skikkeleg mat

Og kva er dette hysteriet rundt proteinrik mat? Cottage cheese og andre proteinrike produkt er stadig utselt i butikkhyllene. (Og la oss vere ærlege; cottage cheese smakar jo ingenting.) Dei færraste trenar så hardt at dei treng verken proteinbar, -pudding eller -shake. Eit glas melk og vanleg mat vil gjere nytta for dei fleste. Dei som verkeleg kan trenge ekstra protein, bur gjerne på sjukeheim. Og eg trur ikkje det er dei som tømmer hyllene for cottage cheese.

I vår tid er helse den nye religionen – og kroppen vårt tempel. Med denne tankegongen er mat blitt eit middel til målet, men også ein ufortent syndebukk. Uansett kva problem eller symptom, finns det ein diett eller kosthaldsendring som kan vere løysinga. Og ja; eg legg i stor grad skulda på sosiale media her..! Influensarar lovar kjappe løysingar på all verdas problem, også innan kosthald – og dessverre bit mange på. I utgangspunktet er det positivt å tenke kva kan eg gjere sjølv?» i møte med livets mange utfordringar. Men svaret synes altfor ofte å vere ulike restriksjonar i matvegen.

Mi oppleving er at det har spreidd seg ei grunnlaus frykt for mat. Med fare for å høyrast ut som ein matminister frå Senterpartiet; me treng skikkeleg mat! Me treng å ete oss mette når me er svoltne. Det er ikkje farleg; tvert imot. Mat er næring og energi, men også så mykje meir enn næringsstoff og kaloriar. Det er smaksopplevingar, matglede, nytelse og kos; det er kultur og tradisjon; det er sosialt, samlande og viktig for fellesskap og livskvalitet.

Både som samfunn og enkeltindivid er fokus på sunn og god og næringsrik mat viktig, og det er fornuftig å bruke mest mogleg reine råvarer. Men eg er bekymra for utviklinga, særleg blant dei unge. Mat er blitt ein identitetsmarkør, men det må ikkje bli status å ete for lite eller for sært. Me må ta vare på matlyst og matglede. Som ei motvekt til negativt matfokus i samfunnet, kan eg anbefale program som Bakemesterskapet og Kokkeskolen. Her er det null snakk om kaloriar og fy-fy», men fullt fokus på matglede, smak og nytelse. Eg slår eit slag for matpositivisme. La oss få matglede tilbake på menyen!

Powered by Labrador CMS