Atle Rosseland har alltid likt å skape ting. Etter over 40 år med hammaren, har han ingen planar om å gi seg.FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Atle Rosseland har alltid likt å skape ting. Etter over 40 år med hammaren, har han ingen planar om å gi seg.

Mannen med hammaren

Byggmeister Atle Rosseland (63) har svinga hammaren i over 40 år. Og har ikkje tenkt å gi seg med det første.

Publisert Sist oppdatert

10Grannar treff han på jobb, på eit restaureringsoppdrag ved Mørkeli i Etne. Byte av tak og kledning held han på med. Kapsen er på, det same ei t-skjorte med eit stor amerikansk flagg på. Hammaren heng i beltet, smilet er breitt og tunga skarp.

Atle Rosseland er tredje generasjon husbyggar. Bestefaren var snekker og hadde eige sagbruk i Strandebarm i Hardanger, og også faren var snekker. Sjølv voks han opp i Arna ved Bergen dei første åra, før familien flytta til Odda då han var seks. Der budde han fram til han var 16 og flytta for å gå på skule. Så var han i militæret og kom tilbake til Odda, der han jobba hos både byggmeister Reinsnos, byggmeister Skår og byggmeister Lorentz Eikemo. Han jobba også som taktekkar, før kjærleiken drog han til Etne i 1974. Då fekk han først jobb hos Arne Birkenes.

Året etter starta han for seg sjølv, medan Arne Birkenes framleis var fagleg ansvarleg, før han starta opp som heilt sjølvstendig byggmeister i 1981.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS