Manglar entusiasme
Det er likevel for enkelt å hevde at nokre enkeltsaker er grunnen til at dei […]
Det er likevel for enkelt å hevde at nokre enkeltsaker er grunnen til at dei borgarlege med Frp i spissen har overtaket på regjeringspartia i meiningsmålingane.
Frp-leiar Siv Jensen meiner det er på tide at det norske folk venner seg til at det i framtida blir statsminister Jensen. Manglande handlekraft frå regjeringa i ei rekkje saker, er forklaringa ho gir på framgangen.
Ei av dei sentrale sakene er all misnøya som veltar opp omkring helse og styring av sjukehusa. Men opposisjonen har heller ikkje overtydande svar på denne utfordringa. Med store forventningar om behandling, og ei sterk utvikling i den medisinske teknologien, er behova for helsekroner nesten umettelege.
Nytt kraftregime for industrien er også ei sak regjeringa har problem med å finne svaret på. Også forventningane til at det blir gjort noko med dei alt for mange dårlege vegane, er store.
Det er ingen grunn til å vente at opposisjonen skal telje dei raudgrøne sine sigrar. Men også regjeringspartia har problem med å finne den rette tonen for å få fram at det er svært mykje bra som skjer, og at ein ikkje klarer å gjere alt samstundes. SV har nesten berre konsentrert seg om tapte saker, og i det siste har Sp tatt æra for at det blir friske pengar til landbruket og kommunane. Det har skapt irritasjon i både SV og Ap.
Ein kan difor stille spørsmål om entusiasmen for regjeringsprosjektet er i ferd med å blåse ut av ballongen. Dessutan har vi ein politisk kultur der det blir ein parentes at det meste går på skinner i verdas rikaste land, medan uløyste enkeltsaker får enorme dimensjonar.