Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Mange vil gifte seg i 2022

NPK: Koronapandemien har ført til at mange har venta med å gifte seg. No tek det seg opp att. Selskapslokale melder om fullbookingar og Den norske kyrkja spår vigsler utover det normale det komande året, fortel Bergens Tidende.

— Det er ein enorm pågang no, seier Gry Anette Aasen til avisa. Ho er selskapsansvarleg for Safari Catering, som blant anna tilbyr leige av lokale i Bergen som Kronstad Hovedgård, Bergens roklubb og Torvsalen.

Nesten 300 personar deltok nyleg på bryllaupsmesse i Bergen for å finne inspirasjon til den store dagen.

I Bergen er det Fana kyrkje, Åsane gamle kyrkje og Mariakyrkja som er mest populære å vie seg i.

Det er allereie bestilt fleire vigsler for 2022 enn det Kyrkja vanlegvis har gjennom eitt år. Og fleire vil det bli, fortel Gyrid Cecilie Nygaard, kommunikasjonsrådgivar i Bergen kirkelige fellesråd til avisa.

Likevel understrekar ho at alle som vil, får gifte seg i Kyrkja.

— Men ikkje nødvendigvis den dagen dei ønskjer det.

Powered by Labrador CMS