Mange har søkt vinterlandbruksskulen
Heile 51 søknadar kom inn til Vinterlandbruksskulen i Ryfylke som skal vera i Ølen komande skuleår. Det vil seia godt over det doble av dei 20 plassane det er lagt opp til.
Rektor Asbjørn Ask fortel at den ambulerande skulen har hatt stor søknad dei siste åra, slik at den har stoppa to år i kvar kommune for å gje tilbod til flest mogeleg.
— Slik vert det denne gongen også, og det er difor vedtatt at den populære skulen skal vera to år i Ølen. Det betyr at dei som ikkje kjem inn i år, får tilbod om å vere i søknadsbunken til neste år, seier Ask.