Mange gir gåver for å hjelpa
Ina Helmers frå Vikedal er kontaktpesonen til En hjelpende hånd – Haugaland» og er overvelda over givargleda til folk. Elevane i 9. klasse på Vikedal skule har overraska med mange gåver.
Får å hjelpa dei som har det vanskeleg økonomisk i juletida har Ida Helmers og En hjelpende hånd – Haugaland sett ut handlevogner i daglegvarebutikkane Handelslaget Sandeid, Joker Vikedal, Coop Vikedal og butikken på Kvaløy. Desse blei sett ut i midten av november, og her kunne folk få levera gåver som Ida Helmers igjen kunne vidareformidla til dei som treng det.
— Responsen har vore heilt fantastisk, og så langt har eg henta to fulle handlekorger på kvar butikk i Vikedal i veka. Eg har ikkje fått henta i dei to andre butikkane enno, men eg har høyrt at responsen også der skal vera god. Så eg har eit stort behov for å takka alle som er med på å bidra her, seier Ida Helmers.
Imponerande 9.klassingar