Frå ein tidlege kontroll på Viskjer i Åkrafjorden.
Arkivfoto: Svein-Erik Larsen
Målt til 136 kilometer i timen i 80-sone
Ein mann i 40-åra må sona 18 dagar i fengsel etter at han tidlegare i år blei tatt i 136 kilometer i timen på E134, Viskjer i Åkrafjorden.
Fartsgrensa på strekninga er 80 km/t, og mannen hevdar til politiet at han køyrte forbi to bilar som ikkje heldt fartsgrensa og køyrte for sakte. Han er heller ikkje einig med politiet i at han køyrde så fort som dei meiner han gjorde, og påstår at det er fleire ting i politiet sin rapport som er feil. Aktor i saka kravde fengsel i 18 dagar, tap av førarretten i åtte månadar og at tiltalte må ta ny førarprøve for å få tilbake køyreretten. Forsvarar kravde full frifinning.
Retten konkluderte likevel med at mannen køyrte for fort og handla uaktsamt. Dermed blir det fengsel i 18 dagar på fartssyndaren, opplyser Haugaland og Sunnhordland tingrett.