Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Emelie Gjerde har budd i sin eigenfinansierte leilegheit sidan 1. september. Å eiga sin eigen bustad så tidleg som mogleg, har vore ein draum og eit mål Emelie har hatt sidan ho var svært ung. Foto: Grethe Hopland Ravn
Emelie Gjerde har budd i sin eigenfinansierte leilegheit sidan 1. september. Å eiga sin eigen bustad så tidleg som mogleg, har vore ein draum og eit mål Emelie har hatt sidan ho var svært ung.

Bygg og bu

Målretta sparing gjorde draumen verkeleg

Publisert Sist oppdatert

Den unge 24-åringen frå Sandeid har alltid vore bevisst på viktigheita av å spara pengar. Draumen om eigen bustad har vore ein konstant motivasjon gjennom oppveksten, og ho begynte å spara målretta allereie som tenåring. Emelie Gjerde var klar over at eigenkapital til bustadkjøp ikkje kom av seg sjølv, og derfor har ho vore bevisst på å setja av pengar jamleg.

Ho har også fått god hjelp frå rådgjevar Siri Tungesvik Vestbø i Haugesund Sparebank, og har no kjøpt sin første bustad i dei nye rekkehusa på Balahaugen i Sandeid. Målet har ho nådd gjennom målretta sparing i mange år.

— Eg starta som 13-åring med å jobba som avløysar, og å servera på ulike arrangement på samfunnshuset. Eg hadde også fleire jobbar, men fekk etter kvart lærlingplass som barne- og ungdomsarbeidar, og vidare arbeidserfaring innan økonomi og administrasjon. All inntekt frå desse jobbane har blitt fordelt på BSU (bustadsparing for ungdom) og sparekonto, seier ho.

Powered by Labrador CMS